
Foredrag
Miramarmora forlag og formidling tilbyr foredrag. Lag, foreiningar, organisasjonar, bedrifter og andre grupper har ofte behov for interessante foredrag til sine årsmøter, arrangement eller samlingar.
Forfattarinne, lærar, bibliotekar, tidlegare redaktør og altmuleg-kvinne Lillian Marie Govasli tilbyr friske foredrag om tema som litteratur/lesing, lyrikk, livsmeistring, livet som aleineforsørgar/skilsmisse/samlivsbrot, stressmeistring, seksualitet, den fødselsforberedande Lamazemetoden, sorg/sorgprosess, skriveprosess, læraryrket.
Miramarmora forlag og formidling ønskjer at dei som lyttar til foredraget også får snakke saman om temaa etter foredraget. Slik kan ein hjelpe kvarandre til å meistre livet.
Pris per foredrag: 2000kr(introduksjonspris.)
(Ved lang reiseveg tilkjem kostnadar til transport.)
Tid og stad for dei ulike foredraga vil bli annonsert på denne nettsida og på facebook.
Du kan også bestille eit foredrag gjennom å sende mail til forlaget. Foredrag må bestillast seinast ein månad i forvegen.