Om meg

Lillian Marie Govasli

Bak Miramarmora forlag står eg, Lillian Marie Govasli, f. 1975. Eg har studert Bokbransjefag, har ein bachelor i norsk språk og litteratur, samt årseining i engelsk. I tillegg praktisk-pedagogisk utdanning. Arbeider for tida i ungdomsskulen og som skulebibliotekar. Eg er litt over gjennomsnittet interessert i bøker og skriving. Hadde ein gong eit antikvariat med 13000 bøker. Å vere i ein skapande, kreativ prosess er det beste eg veit. Eg har frå før av gitt ut diktsamlinga «Sønnavind» og fagboka «Fødelyst-naturlig fødsel med Lamazemetoden.» I tillegg har eg delteke i to antologiar på Alea forlag(«Vilje» og «Det var en gang».)