
Skriveverksted
Skriveverksted er eit uformelt tilbod til deg som har lyst til å bruke fantasien din, uttrykke deg, lære skriveteknikkar, fortelje ei historie og møte andre med interesse for skriving.

Ordet fantasi kjem av det greske ordet phantazein, som betyr å gjere synleg.
Ved å bruke din fantasi og uttrykke deg skriftleg kan du både vise verda kven du er, og samtidig oppdage nye sider ved deg sjølv. Alt er mogleg i litteraturen. Du treng ingen forkunnskaper. Alle kan skrive, alle kan uttrykke seg!
Skriveverkstedet blir leia av Lillian Marie Govasli. Ho har bachelorgrad i norsk språk og litteratur, pluss praktisk-pedagogisk utdanning og ikkje minst ein haug viktige vekttal frå Livets Skole.
Lillian har og vore redaktør og har gitt ut fire bøker: to diktbøker, ei fagbok og ei bok med historier.
Pris for eit tre- timers skriveverksted, inkludert kaffe/te og enkel servering(kjeks, lefse, etc.) er kr 400 per person (dette er introduksjonspris.) Bindande påmelding.
Nærare informasjon om tid og stad kjem. Det blir informert både på facebook og på denne nettsida. Ved interesse eller spørsmål, send gjerne ein mail til forlaget.